Maren Uthaug: Og sånn blei det

Maren Uthaugs debutroman Og sådan blev det (2013) er oversatt til nynorsk av Ingvild Holvik.

Risten veks opp i Danmark med sin norske far, Knut, og si danske stemor, Grethe. Heime i Noreg sit Ristens samiske mor, Rihtta. Risten får etter kvart namnet Kirsten og gløymer det meste av livet i nord – bortsett frå forteljingane om dei underjordiske som ho fekk høyre av si læstadianske bestemor, Áhkku.

Kirsten er ofte så redd om kveldane at ho ikkje får sove, og ho ber dei kvenske bønene Áhkku lærte henne. Grethe og Knut er for opptatt med andre ting til å bry seg med Kirstens kvalar – for eksempel har Grethe ein god del hundar ho må mate, og fem vietnamesiske båtflyktningar i kjellaren. Etter kvart finn Kirsten trøyst i venskapen ho utviklar til den vietnamesiske guten Niels. Og som vaksen reiser ho tilbake til Noreg for å finne ut meir om kvar ho kjem frå.

Romanen kom ut i 2014 på norsk bokmål: Sånn ble det (2014). Den er også gitt ut på nordsamisk: Nu dal lei (2016).

Boka er også gitt ut som pocketbok,  e-bok og digital lydbok. Tilgjengelig i Bookbites.

Eksohta­laš leahkit sápme­lažžan Dán­márkkus (Nils Gjerstad, Ávvir, 23.04.22)

Maren Uthaug aktuell med romanen «Og sånn blei det» (Hannah Persen, 28.03.22, Ságat)

ISBN: 978-82-340-0722-4. Samlaget, 2022. 239 s. Innb. 379.- (kan kjøpes gjennom Biblioteksentralen, Adlibris og Haugenbok blant andre)

Lydbok: 9788234008818/E-bok: 9788234007231 (ebok.no, bsebok)