
Oversettelse til nynorsk av Maren Uthaugs roman 88 % (2024). Den er oppfølger til framtidsromanen 11 % (2023).
88% av alle kvinner forstår at menn ikkje kan røre seg fritt iblant oss. Resten tar feil. Matriarkatets tidsalder rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor ikkje like godt ivaretatt som tidlegare.
To kvinner blir besette av å redde ut ein hann. Den eine er desperat etter å få venner, den andre vil pare seg med han. Urkvinna Inga, som har levd gjennom alle tider og i dette livet er gjenfødd som same, sansar kva som er i ferd med å skje. Ho spenner reinsdyra for sleden og reiser frå Finnmark til Lolland. Ho må stanse kvinnene, for elles kjem samfunnet igjen til å bryte saman.
88 % er eit framhald av framtidromanen 11 %, som vann den gjæve danske bokhandlarprisen De gyldne Laurbær for 2022, og som vart hylla av kritikarane også her til lands.
Boka er oversatt til nynorsk av Ingvild Holvik.
Den er også gitt ut som e-bok og digital lydbok lest inn av Silje Breivik.
Ko-ko kvinner! Bokanmeldelse: «88 %» av Maren Uthaug (Oda Faremo Lindholm, 23.03.25, VG)
Rå hekseroman nektar seg ingenting (Anne Cathrine Straume, 20.03.25, NRK)
ISBN: 978-82-340-1530-4. Det Norske Samlaget, 2025. 327 sider. Innbundet. 429.- (kan kjøpes gjennom Biblioteksentralen og Adlibris blant andre)
E-bok: 978-82-340-1531-1.-Det Norske Samlaget, 2025.
Digital lydbok: ISBN: 978-82-340-1532-8. Det Norske Samlaget, 2025.